Friday, December 4, 2009

Transnasjonal moral


Det å stikke frå ansvaret for barna sine er foruroligande vanleg for nicaraguanske menn, samtidig som dette blir sett på som det verste ei nicaraguansk mor kan gjera.

Det er likevel ein del mødre som reiser vekk, men i motsetning til nicaraguanske fedre og ektemenn er det svært få som forlèt sine plikter for godt.

Lillian kjem frå Nagarote som ligg mellom León og Managua. Ho budde der fram til for få år sidan saman med sin mann og sine fire barn. Hennar mann var ikkje av den mest ansvarlege typen. Han byrja å drikke meir og meir og rota det til for seg på jobb. Dette fikk store økonomiske følgjer for familien, og når Lillian fekk eit tilbod om jobb gjennom si syster i Miami reiste ho til USA.

”(…)Når min mann fekk sparken hadde eg ikkje anna utveg. Eg ville ikkje la mine barn gå svoltne. Det var mi plikt som mor som gjorde at eg reiste”, fortel Lillian.

Ho fekk hjelp av si syster med å komma seg til USA og i Miami byrja ho å jobba som hushjelp hos ein familie frå Venezuela. Ho fekk eit rom i huset der ho jobba og hadde 6 dagars arbeidsveke. Frå bortimot fyrste veka byrja Lilian å sende pengar heim til sin familie. Ho hadde svært lite fritid og brukte lite pengar i og med at hu budde og åt der ho jobba, så ein stor del av lønninga blei sendt til Nicaragua.

Heime i Nagarote fortsette hennar mann med fyll og fanteri, og Lillian byrja å sjå seg lei av at store deler av hennar heimsendte pengar gjekk til å forsørgja hennar manns alkoholisme. ”(…) når mi eldste dotter blei ferdig med vidaregåande bestemte me oss for at ungane skulle flytta vekk frå faren. Eg fekk hjelp frå bror min og han fant eit hus der dei kunne flytta inn. Nå bur dei for seg sjølve og me har minst mogleg med min mann å gjera”.

Det fyrste året i Miami sendte Lilian pengar til sin mann, etter utflyttinga byrja ho å senda pengane til dottera. Desse pengane går til leiga av huset og dei andre utgiftene hennar barn skulle ha.

”På papiret er me fortsett gifte og ein dag kjem me til å ordna skilsmissa formelt. Då blir det nok ein krangel med advokatar og eg veit at han kjem til å hevda at eg stakk av og lot familien i stikken. Derfor har eg forberedt meg” seier Lillian og trekk fram ei veske fylt opp med Western Union kvitteringar. ”Ei dame eg traff her i Miami fortalte meg kva som skjedde i hennar skilsmissesak og anbefala meg å ta vare på alle bevis på at eg har bidratt , så nå har eg svart på kvitt kvar ein dollar eg har sendt, så om han anklagar meg for å ha stukke av frå ansvaret skal eg visa både han og advokatane.”

Sjølv om Lillian reiste vekk frå Nicaragua reiste ho ikkje frå machismoen og dei moralske forpliktelsane som morsrolla inneber. Ho rømte ikkje landet for å unnslippe dei daglege problema ein opplever i det nicaraguanske samfunn, ho reiste for å gjera problema mindre for dei som blei igjen. Heile intensjonen med å reisa var å vera ei god mor og ho såg det slik at ho kunne gjera betre nytte for seg om ho reiste ut for å tena penger i USA.

Remesas som emigranter sender til venner og familie i heimlandet er sjeldan eller aldri einsretta bidrag. Slike transaksjonar bør heller sjåast på som en del av et resiprositetsforhold, i og med at de reflekterer emigrantanes forpliktelser overfor heimlig slekt, samtidig som dei sikrar ens rettigheter i ens heimlige strøk. Lillian fekk gjennom sin økonomiske stilling som familiens forsørgjar ein moglegheit til å komma seg ut av eit ufordelaktig forhold, men hennar fridom var ikkje større enn at ho såg seg nødt til å bevisa sine faktiske bidrag i tilfelle det blei stillt spørsmålsteikn ved hennar morsrolle.

Av Olav Eggebø