Thursday, November 5, 2009

Transnasjonal trolldom

Av ein eller annan grunn blir hekseri og trolldom eit tema i fleire og fleire samtalar eg har i Estelí . Det virker som om trollkvinner og menn blir brukt meir og meir for å holda kontroll på familie, venner og kanskje aller helst uvenner, men óg for å ta kontroll over andre kvardagslege forhold.

Eg snakka nettopp med ein bilmekanikar som sjølv hadde vorte utsett for svart magi. Etter at kjærasten hans gjekk ifrå han etter press frå hennar foreldre opplevde han fleire unormale hendingar. - Fleire gonger var det som om noko inntok kroppen min. Eg kjente at eg blei varm og det var som om blodtrykket steig og etterpå mista eg all energi, seier han. - Når slike tinge skjedde hadde eg ikkje anna å gjera enn å pusta djupt og tenka på at Gud eksisterer og etter ei stund gjekk det over.

-I perioden det stod på som verst var eg ikkje i stand til å stå opp og gå på jobb og eg gjekk knapt nok ut av huset. Ting blei ikkje betre før eg sjølv oppsøkte ein person. Eg veit ikkje kva ho gjer, men eg veit at det fungerer. Ho gav meg nokon planter eg skulle eta og nokon eg skulle vaska meg med. Eg føler meg allereie mykje betre og ifølge dama i Sebaco skal eg vera tilbake til mitt gamle liv den 15 november. Ho fortalde meg òg at plagene eg hadde blitt utsett for var eit resultat av trolldom som foreldra til ekskjærasten min hadde fått utført hjå ein trollmann her i Estelí

Det er med magi som med alt anna, ein må kikka rundt og finna ut kven som tilbyr den beste tenesta. Eg blei med onkelen min som hadde kjennskap til dette og han tok meg med til ei dame i Sebaco. Ho blir rekna for å vera den dyktigaste og det var kø utanfor huset hennar av andre som var i same ærend. Desse evnene hennar har gått i arv, mora hennar og bestemora hennar hadde dei same kunnskapane og ho blei sendt til universitetet for å studera botanikk. Så nå har ho enda sterkare krefter, fordi ho kombinerer nyare plantelære med tradisjonell kunnskap.

Mange anbefaler henne og eg har høyrd mange historier om ting ho har gjort.(…) Ein gong blei fekk ho eit oppdrag frå ei dame frå Estelí som hadde mannen sin i USA. Mannen hadde innleia eit forhold med ei anna dame i Los Angeles og trolldama blei spurt om ho kunne gjera noko slik at han kom tilbake til henne i Nicaragua.(…) Eg veit ikkje kva ho gjorde, men få dagar etterpå blei mannen deportert av immigrasjonsmyndigheitene i USA og nå lever dei begge i saman i Estelí .

Du veit kor langt det er til California, så det er imponerande kor langt evnene hennar rekker.

Sjølv om denne historia ved fyrste augekast høyrest til å vera bygga på overdrivingar og tilsynelatande galskap er historia til mekanikaren konsekvent og logisk oppbygd. Den einaste tingen som gjer at me reagerer og trur at typen er gal er at me er ueinige i prinsippet om dei tradisjonelle overnaturlege kreftene virker eller ikkje.

Denne tilbakevendinga av gamle tradisjonar og overnaturlege krefter er ikkje berre eit nicaraguansk fenomen. Det mest nærliggande eksemplet er å visa til at Snåsamannen var den best selde boka i Noreg i 2008. Slik tradisjonalisme blir av enkelte samfunnvitarar sett på som ein reaksjon på modernismen[1]. Samfunnet og kvardagslivet i dag blir bestemt av mange forhold som ligg utanfor eins påverknad. Kva som skjer i finansmarknaden i USA, kva som skjer hjå migrasjonsmyndigheitene i Costa Rica og kva som skjer på den internasjonale kaffimarknaden er alle ting som påverkar det nicaraguanske samfunnet. Nyare samfunnsendringar og tap av kontroll har gjort at mange av dei alminnelige måtane for å påverka kvardagen ikkje lenger fungerar. Og då det naturlege ikkje virkar i ein ny og uoversiktleg verden kan det vera nærliggande og henta hjelp i det gamle og det overnaturlege.

Av Olav Eggebø

[1] Friedman, Jonathan: ”Cultural Identity & Global process” London: Thousand Oaks 1994

No comments: